Wenches kjøkken

Eg har vore i Wenches kjøkken på God morgen, Norge – og laga bacalao av den nyaste varianten.

Oppskrifta er frå kokeboka mi Matminne frå mors kjøkken, som no er ute i bokhandelanwenche-og-egimg_4538

wenche-fotografererimg_4533

bilde-av-kvit-bacalaoimg_4535

Her er oppskrifta:

Korleis i alle dagar har nokon kome på denne kombinasjonen? tenker eg av og til når eg les ei oppskrift. Slik er det med denne retten. Og eg lurte også på om dette verkeleg kunne vere godt. Majones på toppen? Men denne bacalaoen er blitt ein favoritt. Berre prøv sjølv!

Ovnsbakt kvit bacalao med chorizo

Ca 5 porsjonar

1 kg poteter (helst mandelpoteter eller andre melne poteter)

2 ss (meieri)smør

Ca 3 dl H-mjølk

½ ts pepar

½ ts salt

¼ ts muskat

Skrell og kok potetene utan salt.

Mos dei saman med meierismør og spe med mjølk til passe konsistens.

Smak til med salt, pepar og litt muskat.

 

800 gr klippfisk (utvatna)

4 store sjalottlaukar

2 båtar kvitlauk

1 chili

250 gr bacon

100 gr chorizopølse

1 – 1,5 pakke majones.

Kutt opp fisken i bitar (ca 5 x 5 cm). Kok opp vatn i ei stor gryte og lat klippfisken trekke i ca 15 mininutt, eventuelt steik den kjapt på begge sider i litt olivenolje. (Ikkje extra virgin).

Skjer lauken i bitar og steik den i olivenolje eit par, tre minutt saman med finhakka kvitlauk og chili. Legg dette på tørkepapir og lat oljen renne av.

Kutt opp bacon og chorizopølse (utan skinn) i terningar. Fres baconet eit par minutt til det begynner å få farge, og tilset chorizo slik at det også får vel eit minutt i panna. (Bacon treng litt meir steiketid enn chorizopølse).

Legg stappen i botnen av ei form som er 30 x 20 cm.

Deretter fisken i bitar.

Så eit lag med steikt lauk, kvitlauk og chili.

Strø over bacon og chorizopølse, og trykk alt flatt med ein steikespade.

Majonesen skal spurtast på toppen til slutt, på kryss og tvers i alle retningar.

Steikast på 180 grader i 45 min, til retten ha fått ein fin gyllen farge på toppen.

Server med landbrød eller foccaciabrød og salat.

 

 

 

 

Kampanje og Podkast

Kampanje og Podkast

MOR OG MAT

MOR OG MAT

Newer post

Post a comment